Som ein del av energiattesten får du ei liste med forbetringstiltak som kan bidra til å gjere bygningen eller bustaden meir energieffektiv, redusere energibruken og slik kunne spare pengar.
Lista skal særlig vere eit nyttig instrument for bustadeigar. I samband med oppussing og annan rehabilitering vil det vere fornuftig å ta forslaga frå tiltakslista med i berekninga fordi ekstrakostnaden ved å byggje inn god energistandard då vil vere liten.
Tiltakslista er mindre konkret dess færre detaljerte opplysningar som er gjeve. Tiltak som kan vere aktuelle:
• Bygningsmessige tiltak
• Tiltak på sanitæranlegg
• Tiltak på luftbehandlingsanlegg
• Tiltak på elektriske anlegg
• Tiltak på varmeanlegg
• Tiltak utandørs
• Brukartiltak
Dersom ein ekspert har gjennomført energimerkinga vil denne bruke sin kompetanse til å foreslå tiltak. Ho vil også kunne opplyse om tiltak utanfor hovudområda ovanfor.