Satsar stort på biokarbon for å kutte klimautslepp
Publisert

-Vi sett stor pris på å ha med Enova på laget i denne viktige omstillinga med støtte og risikoavlastning, seier Torbjørn Halland, administrerande direktør i Wacker Chemicals Norway.
Vil auke bioandel
Wacker-konsernets silisiumsmelteverk på Kyrksæterøra i Trøndelag har ambisjonar om å auke den totale bioandelen på lang sikt til 100 prosent. Bioandelen skal aukast gradvis, etter kvart som nye produksjonsformer vert testa.
På dette viset kan det tradisjonsrike verket kutte dagens CO2-utslepp med fleire hundre tusen tonn kvart år, heilt i tråd med både Wacker og Enova sine mål om ein reinare industriproduksjon inn mot og i lavutsleppssamfunnet.
Erfaringsoverføring til bransjen
Årleg produserer Wacker på Kyrksæterøra 80 000 tonn silisium og 40 000 tonn mikrosilika, som i etterkant vert levert til andre delar av konsernet. Med høgare bioandel i produksjonen, så kan selskapet faktisk produsere meir, utan at det betyr at utsleppa på nytt går dramatisk til værs. Det er viktig når mange av sluttprodukta og vil vere naudsynte i den grøne omstillinga.
Kva er det så Wacker planlegg å gjere heilt vest i Trøndelag i åra som kjem? Jau, med støtte frå statsforetaket Enova vil dei byggje og teste ulike typer infrastruktur og fasiliteter for håndtering av større mengder biokarbon.
Det vert bygd eit midlertidig råvarelager for biokolet og lagt opp til periodar med testar ved i alt fire omnar på anlegget ved Holla. Pilotperioden er estimert å vare eit par år. Prosjektet skal demonstrere korleis meir enn 430 000 tonn fossil CO2 kan fjernes årleg frå dagens produksjonsprosess av høgkvalitets-silisium.
Støtte frå Enova
Enova har gitt lovnad om vel 80 millionar statstøtte-kroner til prosjektet, og har forventningar om at effekten og overføringsverdien til resten av bransjen er stor.
-Ikkje berre er utsleppsreduksjonen stor sidan verket står for om lag ein prosent av Noreg sitt samla CO2-utslepp. Om piloten lukkast og Wacker går vidare med prosjektet, vil det vere eit spreiingspotensial for teknologien i nettverk som Wacker deltek i nasjonalt og globalt og som andre aktørar dermed kan dra nytte av, seier Arve Solheim, områdeleiar for prosessindustri og karbonfangst i Enova.
– Dette gjeld spesielt kunnskap om handsaming og resultat om korleis biokolet oppfører seg i smelteomnane.
Arbeider systematisk
Det tyskeigde smelteverket på Kyrksæterøra med nær 250 ansatte er sjølvsagt nøgd med å bli støtta av Enova, og set no fart på arbeidet med å gjere klar for testprosjektet. Det er ein stor og aukande etterspurnad etter silisium, og Wacker har ønske om å dekke denne etterspurnaden med minst mogleg klimaavtrykk.
Wacker går systematisk til verks og arbeider etter to spor mot lavutsleppssamfunnet: Dei ynskjer å erstatte fossilt kol med biokol, samstundes som verksemda og vil prøve seg fram når det gjeld karbonfangst. Lukkast ein med begge spora kan verket på Kyrksæterøra bli karbonnegativt.
Spent på utviklinga
-Prosessindustrien har ein viktig rolle i den grøne omstillinga, først skal vi bidra med eit eksportprodukt som er avgjerande for at verda omstilles, i tillegg har vi eit ansvar for å tilretteleggje for ein berekraftig produksjon, seier Torbjørn Halland i Wacker Chemicals Norway.
-Dette er eit veldig spennande prosjekt, og eg ser frem til å høyre om resultata frå smelteverket på Kyrksæterøra! Med innovasjon og ny teknologi kuttar vi klimagassutslepp, samstundes som vi skapar verdi og arbeidsplassar for framtida. Enova spiller ei viktig rolle for omstillinga i Noreg, seier klima- og miljøminister Tore O. Sandvik.
Kilde: Se original pressemelding hos NTB
Pressekontakter
Arne Morten Lundhaug Johnsen
Senior kommunikasjonsrådgiver
Enova SF
arne.johnsen@enova.no+47 916 85 896